Som dykk veit er Ingvild alltid med på litt sprell og gøy. Her om dagen bød anledninga seg, og Ingvild tok den sjølvsagt. Teppefallsfest for første klasse drama, hu hei! Her skulle nemlig alle kle seg ut som noko som byrja på forbokstaven i navnet deira... Kva skulle Ingvild då kle seg som? Muligheitene vart endelause. Inuitt? Iskrem? Indianar? Inkjekjønn?
Ivrig leser?
Den dag ei.
Ingvild ville sjølvsagt vere spesiell, ja, INDIEviduell!
Som den rocka budeien ho er, tok ho på seg sine beste indie-klær, og hoppa på bussen.
Her har ho komen seg vel fram til skulen.

"Oooh, I'm indie! Oooh, I listen to alternative music and watch alternative films! Oooh, I'm cool."
Ingvild sa at me også kunne kalle ho "Ingenting", men det syntes bloggerne ikkje noko særleg om. Ingvild? INGENTING!? Pøhh, narr meg ikkje til å le! Ho er jo sjølve stjerna.
Her ser vi Blogger1, som for anledninga hadde "kledd seg ut" som satanist. Ho er sjølvsagt ikkje så pigg i slike festlege omgivelsar, så ho får litt trøyst og oppmuntring av Godjenta vår.
"Shhh... Alt skal nok ordna seg... Snart skrattar du igjen, skal du sjå!"
"Skru av det jævla kamaraet!"
"Shhhhh..."
Ja. Ellers så drar Ingvild stor nytte av sertifikatet sitt. I morgon skal ho kjøyre åleine til **** etter skulen for å hente passet sitt! Flink jente, tenkar du. Men kva skal ho med... Passet sitt!? Jo, ho skal nemlig til Deutchland på fredag!! Ahh, the land of so SO many pleasures. Blant anna The Kooks (IIIIIIK!!!) og trivelig selskap i venninna Linn. Frykt ikkje, kjære lesare, ho er tilbake, like frisk og rask, og med eit lager av gode bloggemnar, på mandag! Puh!
Tune in every day for more juicy gossip about Ingvild the farmer!